|
|
|
| Start
Dreiaren |
Dreiaren
Eg, Helge Hollund, bur no på Bjerkreim. Dreiinga starta i 1971 med ein liten drill, seinare har eg fått meg litt meir utstyr til å hjelpa meg med. Eg er no pensjonert, men har dei siste 10 åra arbeidt med kunsthandverk og dreiing. Eg vil skape ting som folk kan bruke i det praktiske liv, eller kanskje berre ha dei framme for å sjå på. Eg likar å sjå korleis skaparen gjennom mange år har forma treet frå eit lite frø til ei tre og at eg så kan sjå litt av mitt arbeid i dette. Elles så likar eg å sjå kor langt eg kan strekkja meg både når det gjeld materialet, teknikkar og verktø Trestykket som eg startar med, er med og bestemmer korleis det ferdige produktet skal sjå ut. Det kan vera eit stykke av eit gamalt tre eller ein nyhoggen stokk, eller kanskje noko som har lege ute og vorte angrepe av fleire soppartar. Mange gonger må eg leite fram emner slik at eg kan skape det eg har i tankane eller kanskje eg har fått tinging på noko spesielt. Resultatet vert eit handlaga unikt produkt som det ikkje finnst maken til.. Som medlem i Norske Kunsthåndverkere har det blitt ein del utstillingar gjennom åra:
"Alle ting er tre". Kunstindustrimuseet, Oslo 1989. |
![]() |