| Start
Dreiaren
Galleri 1
Galleri
2
Galleri
2.1
Galleri 3
Teknikk
Kontakt |
Tredreiing er eit handverk der
ein utnyttar det naturen har skapt. Når formgjeving og kreativitet
blir kombinert med tekniske ferdigheter er
ein i
stand til å laga bruksting, kunsthandverk eller rein kunst i dreiebenken.
Eg foretrekker enkle former. Ei enkel
dekorskjæring kan vera med å framheva forma
på det som er dreia. Dersom treskjæringa er for kraftig vil det forstyrra dei linjene
som er skapt i dreiebenken og såleis medføra at den som ser på produktet ikkje legg
merke til den dreia forma, mønster og farge i veden.
|
 |